Siste tida har det vore full rulle her med oss, vi har no fått mange lam i fjøsen. Det er kun ein sau igjen som skal ha lam. Heldigvis har det gått bra med dei fleste! Det er artig å sjå kor fort dei veks og hoppar rundt! No er det spennande kor tid vi kan ha dei ut,våren har ikkje kome så godt igang endå, men med litt mildvær no so blir det bra:)

Når våren kjem er det alltid ei lukt som ikkje alle sett slik pris på, men gjødselen må ut, slik er det berre. Anders har holdt på i to daga no. Denne gjødsel lukta minne meg egentlig om bursdagen min, for eg har bursdag 5.mai. Då brukte det alltid å vere full rulle i bygda på Viddal med "møka"kjøring.
fredag 30. april 2010
torsdag 15. april 2010
Våren er her :)
Påska er vel over, og vår følelsen er her skikkelig no.
I fjøsen kjem det fleire og fleire lam, og krokusane blomstrar så fint ute:) Det er godt etter ein så kald og lang vinter. Legg ut litt bilder frå helga som var. Vi var på tur til Viddal. Olianne var heime med familien. Desverre var det pga bestemora vår som døde i påska, ho har vore dårleg ei stund så det var venta, men utrulig trist. Begravelsen var på fredag og den var fin. Ej kjem nok til å sakne turane opp på sjukeheimen å besøke ho. Mange fine stunder har vi hatt det siste året. Tenkjer også sjølvsagt på dei gode minnene frå barndommen på Viddal med ho besta, ho var der alltid og lurte på korleis vi hadde det. Men desverre er kreft ein sjukdom som skal noke til å vinne over. Ho får kvile no.
Tvillingane kosa seg ute i sola
mandag 29. mars 2010
Påskegodis:)
oppdatering om badet
Fant ut at det var på tide å oppdatere litt om badet. Vi er no nesten ferdige! Det er en lettelse...
Anders la ferdig taket i går kveld, så no skal vi sette opp dusjhjørnet, og resten av baderomsinnreiinga. Det tek litt tid å pusse opp bad he ej funne ut, men det blir no veldig bra til slutt, og stor plass i forhold til før:) Vi skal kjøpe oss hjørnebadekar, men det har vi ikkje kjøpt endå. Men skal vel klare oss ei stund uten:)
Her skal dusjen vere
Anders fant ut at han ville legge flis på pipa som stikke inn i rommet, vart stilig det:)

Her er vaskane, vi skal ha høgskap inni hjørnet. Fire skuffer under vaskane, dei er kvite framme. Er berre slik beskyttelse på dei inntil vidare.
Her skal dusjen vere
Anders fant ut at han ville legge flis på pipa som stikke inn i rommet, vart stilig det:)
Her er vaskane, vi skal ha høgskap inni hjørnet. Fire skuffer under vaskane, dei er kvite framme. Er berre slik beskyttelse på dei inntil vidare.
onsdag 17. februar 2010
Etter mange forskjellige lag....
tirsdag 16. februar 2010
Oppussing av badet er i gang!
Det blit litt vanskelig å forklare kanskje..men vi skal slå ned denne veggen slik at det blir eit større rom. Dette er det no klart for å gjere. Vi skal legge nytt tak, flise med varmekabla på gulvet og så skal vi ha slike baderomsplater. ej gler meg til alt er ferdig, litt styr no når det står på, men men....Blir so bra so bra til slutt! Anders er så flinke at det går nok fort!

torsdag 11. februar 2010
Sølvi på spark-tur
Eg hadde fri idag og tenkte eg skulle prøve sparken opp til Sæbø, var opp å besøkte ho Besta på sjukeheimen. På veg heim att såg eg det kom eit lite dyr springande oppi stranda, trudde det var ein katt, men den sprang veldig fort. Fant ut at det var ein oter. Han kom nesten heilt bort til meg før han snudde. Har filma litt på mobilen, men veit ikkje om det fungera.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


