mandag 13. april 2009

Tur på Lisjehaugen og Tua


Vi he hatt plana lenge om å gå ein tur opp på Tua, men det har liksom aldri blitt med oss. Tua ligg rett ovanfor garden vår. Litt bratt, men ikkje så lang tur. Det er oppmerka sti. Før du kjem opp til Tua kjem ein opp til Lisjehaugen. Det var ein fin tur. Men ein del snø før Tua så vi gjekk ikkje heilt opp.
På bildet over ser dokke Leknes bak meg og inn Norangsfjorden.



Bak oss på dette bildet ser dokke inn til Viddal.


Anders fant igjen eit gammalt jakt-tårn som han brukte før.



Her ser dokke Sæbø.




Fest i Påska


Kjøkkenet vårt er nesten ferdig, litt listing og slikt igjen no, så i Påska har vi ikkje gjort så mykje, men som dokke ser har det blitt fint og vi er veldig fornøgde.

Så vi tok og inviterte til en liten fest slik at folk skulle få sjå kor fint vi he fått det:)



Ein parykk som vi he vart veldig populær...og vi laga paraplydrink med ekte paraply...jaja..koselig var det ivertfall:)




























Sølvi på tur til Oslo 3april - 6.april

Ej tok meg ein tur til Oslo for å finne meg brudekjole og besøke Olianne, Endre og gjengen.
I og med ej forsov meg fredagen måtte ej ta eit seinare fly. Slikt som skjer desverre!
Fredagen var vi på ein fin trilletur og kosa oss. Laurdagen fant ej meg brudekjole, e veldig fornøgd, men bildene må no sjølvsagt ventast med til den store dagen som er 5.september.
På søndagen gjekk vi også på trilletur og det var sol og flott veir, vi var på kafè. Når vi kom heim måtte vi teste verandaen litt:) Om kvelden av ej og Olianne på kino.
Måndag reiste ej heim igjen. Ein fin tur til Oslo:)