lørdag 29. november 2008

Litt kvardagsglimt frå førjulstider:)

No nærma jula seg og i morgo er det første advent. Ej he begynt å gjere litt forskjellig med tanke på julegåve og slikt, men desse nissane har ej laga til oss sjølve:)

I dag baka ej og mamma tjukklefse, dei vart kjempe gode, Jørn Ole og Anders var snare å smake på før dei for på hjortejag på andre sida ta fjroden.



Felix ute på lufte tur. Når ej skal opp til mamma er Felix alltid med på turen, han spring i full fart og kjenner vegen godt!





Når snøen kom vart Felix med eit litt vanskelegare å oppdage ute, han kan kamuflere seg godt..:)




Utfordring...

Sølvi fekk ei utfordring frå Gunnhild om å fortelle om 7 ting ingen veit om meg....vel ikkje så lett, men skal no prøve:

1. Når ej var lita slo eg den eine fram tanna mi, den blei blå og datt ut, det gjekk mange år før det kom noken ny tann...så nesten alle bilda av meg er med berre ei fram tann:)

2. Ej lærte meg å sykle uten at ej viste om det, sykla rundt med eit støttehjul lenge, men så mista ej det...men ej visste ikkje om det, når ej oppdaga at ej kunne å sykle uten støttehjul blei ej sinte og slengte frå meg sykkelen.

3. En gang klarte ej høgt oppi eit tre, sann ca tre meter, men greina ej stod på var rotna så ej datt rett ned på ryggen, men skreik ikkje eller skada meg ikkje, det einaste ej tenkte på var kor brillene mine blei av...hadde slike runde brune brille med bøyle bak ørene...Dei hang oppi eit anna tre:)

4. Den sommeren ej var 18 år skulle ej og ei vennine på fest i Volda, ej hadde hybel på Roset, og vi skulle gå ned til den gangen då uteplassen Amsterdam. Men så trudde vennina mi at ej holdt på bli påkjørt(!!!!!) av ein bil så ho skubba meg vekk frå vegen. Det endte sjølvsagt med eit stygt fall....ej forstua høgre foten så den var heilt blå, gul, lilla....Andre kneet vart skikkelig oppskrapa og blodet rann. To dagar etterpå skulle ej på bykjøring for ej holdt på ta lappen, gjekk no bra, men det var en smertefull kjøretur...

5. Samme sommeren hadde ej sommerjobb som kyrkjetenar i Bjørke Kyrkje

6. Storesysta mi brukte å sende meg inn i høyet i løda for å leite etter kattunga når vi små, ho sa at ej hadde mindre hende og klarte det derfor betre, men grunnen var at ho var mørkredd...

7. Når ej gjekk på barneskulen vann ej skihoppkonkuranse, ej og storesysta mi vann kvar vår klasse, vi hadde lenge trena i bakkane heime på Viddal!

Det var noken ting....:)

mandag 17. november 2008

Endeleg ein hjort...


Anders har vore svært iherdig i haust med å gå på jakt. I og med vi bur på Viddal har han store muligheite til det..Laurdagsmorgin var han heldig og fekk ein spissbukk i siktet.
Jørn Ole hjalp han med flåinga.
Desverre tomt batteri på kameraet mitt så ej fekk ikkje tatt meir bilder...

søndag 16. november 2008

Sølvi på Oslotur

Laurdag 8.november reiste Sølvi til Oslo for å besøke storesøster Olianne og Endre, og ikkje mins tanteungane sine Emil Kristoffer og Sverre Alexander. Eg kom fram tidleg søndagsmorgon. Det var artig å møte gutane igjen, dei har blitt kjempe store sidan sist eg møtte dei. To kjekke og blide gutta! No er dei fem måneda den neste veke!Emil Kristoffer, Sølvi Anita og Sverre Alexander

Sidan sist eg var på besøk har dei flytta, ikkje langt vekk, men fått betre plass! Kjempe fine leiligheit!

Søndag var det farsdag og Olianne hadde laga krus til Endre med bilde av gutane!
Vi kosa oss med god kake også!



Jeanette og Tuva kom ein tur på besøk, koselig å møtast igjen!

Her er vi på kafètur, Fox likar å gå på tur så det var populært!


Mamma Olianne og Sverre Alexander


Her er litt bilde frå turen. Masse kosing med gutane, men også ein del turar på byen, fekk kjøpt meg litt forskjellig og litt julegåve. Mandagskvelden var eg og Olianne på Ikea, der fekk eg sett litt på kva kjøkken eg og Anders skal ha når vi skal begynne å pusse opp gamlehuset på Hustadneset! Det er utrulig mykje fint på Ikea, egentlig mest julepynt som eg hadde lyst på denne gangen! Skulle ønske Ikea var nærmare jah....


Tirsdagen kom farmor til Emil og Sverre, Jorun. Ho hadde laga eit fint leike teppe til dei. Masse fine farga på dette ja! Om kvelden tok eg fly heim igjen, då blei Olianne med sammen med gutane, vi måtte desverre vente på flyet, forsinkelsar. Så nå har Olianne vore på Viddal i ei veke snart! Onsdag den 19. reiser dei ned igjen til Oslo. Men ikkje lenge til eg får sjå dei igjen, kjem til jula heldigvis! Dei veks fort og har forandra seg mykje på ei kort tid!

onsdag 5. november 2008

Tunnelsprenging på Leira!

FYLKESVEG 41 LEIRA - BJØRKE

Tirsdag vart første salva i tunnelen mellom Leira og Bjørka fyrt av! Tunnelen har vore planlagt sidan 2004. Det er strekninga mellom Leira og Bjørke som er svært rasfarleg, sjølv om eg må innrømme at ej ikkje tenkje så mykje på det egentlig! Som alle sikkert fekk med seg var eg intervjua av Sunnmørsposten, men det blir no aldri slik som ein seier i slike intervju! men men...ej vil no berre seie at ej kjøre heller ikkje som eit råskinn....




Vi måtte flytte oss eit godt stykke frå tunnelopninga når dei skulle fyre av, post dama vår blei også med:) Vi gjekk heilt bort til Årvikja!



Her ser dokke ein gla gjeng før sprenging, Torild, mamma og Åse Randi. Mange spente bygdefolk var samla for den store begivenheita!





Og her smell det...Mesta vil jobbe døgnet rundt og sprenge seg 20 meter innover fjellet per døgn. Dei vil sperre vegen når dei sprenger! Det er no ei trygheit for oss som kjøre der..


Så måtte alle bort å kike på holet...ikkje så veldig stort denne gangen, var no første salva så dei måtte no prøve litt.



Ordføraren var fornøgde!

Kake i eit av annleggstelta etterpå! Mamma og Frøydis kosa seg!