søndag 16. november 2008

Sølvi på Oslotur

Laurdag 8.november reiste Sølvi til Oslo for å besøke storesøster Olianne og Endre, og ikkje mins tanteungane sine Emil Kristoffer og Sverre Alexander. Eg kom fram tidleg søndagsmorgon. Det var artig å møte gutane igjen, dei har blitt kjempe store sidan sist eg møtte dei. To kjekke og blide gutta! No er dei fem måneda den neste veke!Emil Kristoffer, Sølvi Anita og Sverre Alexander

Sidan sist eg var på besøk har dei flytta, ikkje langt vekk, men fått betre plass! Kjempe fine leiligheit!

Søndag var det farsdag og Olianne hadde laga krus til Endre med bilde av gutane!
Vi kosa oss med god kake også!



Jeanette og Tuva kom ein tur på besøk, koselig å møtast igjen!

Her er vi på kafètur, Fox likar å gå på tur så det var populært!


Mamma Olianne og Sverre Alexander


Her er litt bilde frå turen. Masse kosing med gutane, men også ein del turar på byen, fekk kjøpt meg litt forskjellig og litt julegåve. Mandagskvelden var eg og Olianne på Ikea, der fekk eg sett litt på kva kjøkken eg og Anders skal ha når vi skal begynne å pusse opp gamlehuset på Hustadneset! Det er utrulig mykje fint på Ikea, egentlig mest julepynt som eg hadde lyst på denne gangen! Skulle ønske Ikea var nærmare jah....


Tirsdagen kom farmor til Emil og Sverre, Jorun. Ho hadde laga eit fint leike teppe til dei. Masse fine farga på dette ja! Om kvelden tok eg fly heim igjen, då blei Olianne med sammen med gutane, vi måtte desverre vente på flyet, forsinkelsar. Så nå har Olianne vore på Viddal i ei veke snart! Onsdag den 19. reiser dei ned igjen til Oslo. Men ikkje lenge til eg får sjå dei igjen, kjem til jula heldigvis! Dei veks fort og har forandra seg mykje på ei kort tid!

2 kommentarer:

Familien Hustadnes Myrhol sa...

Ååå kor store dei har vorte! Åsso so sjønne da! Ikea, ja :-) Ka kjøkken dokke he kika på da? Fine kjøkken til en billeg penge :-)Heilt enig, de e altfor longt onda!

HG sa...

Ser du he hatt det skikkelig trivelig i det siste ;)

et fint bilde av dej og dei andre folksa dine i avisa i dag, forresten!