tirsdag 15. desember 2009

Bryllupsreise

Fredag 4. desember reiste vi til Ålesund og tok Hurtigruta Trollfjord til Bergen. Vi reiste ilag med Steinar og Siv. Det var ei kjekke helg og ein flott tur. Laurdagen var det tre måneds bryllupsdag og vi skulle egentlig ha vore på Viddal å baka julekake ilag med mamma og pappa. Men det tok vi igjen, har desverre ikkje bilder frå det.

Bildet under er Ålesund tatt frå båten før vi reiste.
Dette er tatt på veg opp igjen då vi passerte Stadt. Flott veir og fekk mange fine bilder.


Fekk tid til ein tur i Bergen og når vi var der. Fekk shoppa litt og sett på julepynten i Bergen.


Frokost



Det beste med heile turen var nok dette:) På dekk var der to boblebad som gjestane kunne nytte så mykje dei ville. Utrulig herlig å sitte opp på der:)
Vi kalla turen for bryllupsreise sjølv om det blei berre ein helgetur:)





fredag 11. desember 2009

Tur til Oslo 27.11- 29.11













Siste helga i November var eg og Anders til Oslo, vi reiste ilag med Randi og Yngve. Eg, Randi og Olianne skulle på cats på laurdagen, på bursdagen til Randi. Vi reiste ned fredagen. Laurdagen var damene på litt shopping før det var på musikalen på kvelden. Det var skikkelig stas å vere på, var så flott.







På søndagen reiste eg og Anders til Venke og Bjørn Terje for å endeleg sjå og møte vesle Thea. Koselig å få møte dei.