tirsdag 15. desember 2009

Bryllupsreise

Fredag 4. desember reiste vi til Ålesund og tok Hurtigruta Trollfjord til Bergen. Vi reiste ilag med Steinar og Siv. Det var ei kjekke helg og ein flott tur. Laurdagen var det tre måneds bryllupsdag og vi skulle egentlig ha vore på Viddal å baka julekake ilag med mamma og pappa. Men det tok vi igjen, har desverre ikkje bilder frå det.

Bildet under er Ålesund tatt frå båten før vi reiste.
Dette er tatt på veg opp igjen då vi passerte Stadt. Flott veir og fekk mange fine bilder.


Fekk tid til ein tur i Bergen og når vi var der. Fekk shoppa litt og sett på julepynten i Bergen.


Frokost



Det beste med heile turen var nok dette:) På dekk var der to boblebad som gjestane kunne nytte så mykje dei ville. Utrulig herlig å sitte opp på der:)
Vi kalla turen for bryllupsreise sjølv om det blei berre ein helgetur:)





Ingen kommentarer: