Jula er vel overstått og vi er allereie to veke uti det nye året. Vi feira jul på Viddal, der var alle heime av oss søskena, Olianne hadde med seg familien sin sjølvsagt så det var full rulle der:)
Bilde over er av juletreet vårt på nesa, vi måtte no ha det sjølv om vi ikkje var der heile jula:)
Bilde nedom er Endre som fekk seg fjellduk til neste hjortejakt:) På Viddal bruka vi då ofte å prøve det vi får i julegave, noke som kan vere litt morsomt!
Bildet under er av mamma og Anders som styra på kjøkkenet. God julemiddag i år med.
Nyttårsafta feira vi med oss på Hustadneset, mamma, pappa, Jørn Ole, Randi og Yngve kom. Det var kjekt å lage til i eige hus, middagen var pinnekjøtt og vart veldig godt heldigvis!
Vi spelte litt spel og kosa oss med kake fram til kl var 00.00, då gjekk vi ned på neset og skaut opp raketta, eller fyrverkeri. Før eg, Anders, Randi og Yngve gjekk opp til Sæbø for å sjå på nyttårsplakatane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar