torsdag 27. mai 2010

Utfordring...


Eg fekk ei utfordring frå Åse-Lill om å skrive om sju ting som folk faktisk ikkje veit om meg...hmm, har gjort det før, men kanskje eg kjem på noken nye ting. Er litt usikker....

No skal vi sjå:


1. Som lita jente var eg ekstrem på å tryne/dette og få dei største skrubbsåra på knea som fantest på Viddal. Mange stunder på badet med ho mamma der eg hylte og skreik. Ofte måtte eg knipe storesysta mi når mamma plukka småstein ut av knea mine. Herlige sommerminne ja...:)


2. Eg begynte på skule når eg var 5 år (!!!) ikkje fordi eg var rare(trur eg) men fordi det var flytta noken til bygda som skulle lære seg norsk.


3. Eg elska å bade, og det begynte tidleg. Ein gong når vi var på båttur, trur eg var rundt tre fire år) og mamma og pappa låg å sola seg på badestranda la eg på svøm, med redningsvest vel å merke. Mamma måtte svømme langt utover for å få meg på land igjen.

Meg som lita jente :)



4. Eg må ha det ryddig rundt meg, takla rot, men då mistrives eg. Kan seie eg går å plukka på noke heile tida. Spesielt viss eg får besøk, og det irritera meg når andre gjer det so eg forstår ikkje kvifor eg gjer det sjølv.


5. Eg kan vere ekstremt utolmodig, tru det eller ei, bør nok nemnast at eg kan ikkje vere det på jobb, er nok derfor eg er det på fritida! :)


6. Ein av dei første gangane eg og Anders var på båttur ilag sprakk buksa mi, NOKE SO FLAUT! hehe

7. Då pappa og bestefaren vår holdt på å bytte bordkleding på gamle huset heime hadde vi masse nye bord som låg under stabburet. Eg og Olianne (storesysta) tok å bora hol i mange fjøle under ei middagskvil en dag. Vi syns det var so kjekt med den der handboren, men då vi høyrde at det var snekkeren som fekk kjeft for det fant vi ut at det var best å holde tett....har nok kome fram etterkvart.(det er mange år sidan dette hendte..hehe)

Det var no noken ting, kanskje ikkje så kjempe spennande. Men eg sende utfordringa vidare til Olianne og Venke! Lykke til :)

lørdag 22. mai 2010

Litt bilde frå 17.mai

Toget på Sæbø
Eg, Siv, Steinar og Annelin

Anders spelte i generasjonskorpset, flinke var dei


Festpynta Astrid, Amalie, Bjørn Erik og Gerd




torsdag 20. mai 2010

Halveis no...


JA, vi skal ha baby, og denne veka er eg faktisk halveis på veg. Eg har vore i veldig bra form, og det håpe eg fortsetter! Vi var på ultralyd for to veker sidan og fekk sjå at alt stod bra til, spesiel og fin opplevelse. Termin er 10.10, så det blir ei spennande tid i vente! Vi gleda oss masse begge to!

torsdag 6. mai 2010

Bursdag med meir :)

I går, 5.mai, vart eg 28 år. Åra går så fort at alderen er ikkje så nødvendig å snakke om:)
Hadde besøk av mange, Gunnhild, Kenneth, Peder, Alette, Helene , Margit, Jørn, Randi, Yngve, Jørn Ole og svigerforeldre :) Koselig med kaker og kaffi:)
Eg fekk meg nytt fotoapparat med Anders i bursdagsgave, det var topp:) Fekk testa det litt, men eg kan ikkje alt...men lære etterkvart.
Jørn Ole og Anders

Alette og Peder


Ein smilande Peder:)



Margit, Peder og Alette



Idag var vi på besøk med Randi og Yngve uti Skorgura der dei har kjøpt seg hus.
Dei held på med oppussing, slik som oss og mange andre..hehe..
Randi har tapetesert soverommet sitt.
Yngve og Anders styra på badet
Utafor huset

Randi mala ei dør