fredag 30. april 2010

Kvardagsglimt

Siste tida har det vore full rulle her med oss, vi har no fått mange lam i fjøsen. Det er kun ein sau igjen som skal ha lam. Heldigvis har det gått bra med dei fleste! Det er artig å sjå kor fort dei veks og hoppar rundt! No er det spennande kor tid vi kan ha dei ut,våren har ikkje kome så godt igang endå, men med litt mildvær no so blir det bra:)


Når våren kjem er det alltid ei lukt som ikkje alle sett slik pris på, men gjødselen må ut, slik er det berre. Anders har holdt på i to daga no. Denne gjødsel lukta minne meg egentlig om bursdagen min, for eg har bursdag 5.mai. Då brukte det alltid å vere full rulle i bygda på Viddal med "møka"kjøring.


Små lamma har begynt å smake på kraftfor og silo.


Sist innlegg skreiv eg at våren var her, men helga etterpå lava det ned masse snø, var litt fortvilande syntes vi og hjorten som gjekk laus på ripstrea mine :( Håpe dei stikk til skogs no snart!





torsdag 15. april 2010

Våren er her :)

Påska er vel over, og vår følelsen er her skikkelig no.
I fjøsen kjem det fleire og fleire lam, og krokusane blomstrar så fint ute:) Det er godt etter ein så kald og lang vinter. Legg ut litt bilder frå helga som var. Vi var på tur til Viddal. Olianne var heime med familien. Desverre var det pga bestemora vår som døde i påska, ho har vore dårleg ei stund så det var venta, men utrulig trist. Begravelsen var på fredag og den var fin. Ej kjem nok til å sakne turane opp på sjukeheimen å besøke ho. Mange fine stunder har vi hatt det siste året. Tenkjer også sjølvsagt på dei gode minnene frå barndommen på Viddal med ho besta, ho var der alltid og lurte på korleis vi hadde det. Men desverre er kreft ein sjukdom som skal noke til å vinne over. Ho får kvile no.


Tvillingane kosa seg ute i sola

Mamma vant stor fruktkorg på marknad på Bjørke, det var populært i heimen. Anders ha begynt å vede litt, må tenke på neste vinter og...desverre...



Huset vårt i sola :)


Båten er kjekk å ha når vi skal på tur til Viddal, går fort inn fjorden då.


Sæbø