Påska er vel over, og vår følelsen er her skikkelig no.
I fjøsen kjem det fleire og fleire lam, og krokusane blomstrar så fint ute:) Det er godt etter ein så kald og lang vinter. Legg ut litt bilder frå helga som var. Vi var på tur til Viddal. Olianne var heime med familien. Desverre var det pga bestemora vår som døde i påska, ho har vore dårleg ei stund så det var venta, men utrulig trist. Begravelsen var på fredag og den var fin. Ej kjem nok til å sakne turane opp på sjukeheimen å besøke ho. Mange fine stunder har vi hatt det siste året. Tenkjer også sjølvsagt på dei gode minnene frå barndommen på Viddal med ho besta, ho var der alltid og lurte på korleis vi hadde det. Men desverre er kreft ein sjukdom som skal noke til å vinne over. Ho får kvile no.
Tvillingane kosa seg ute i sola
3 kommentarer:
Deilig med vår ja! Det e ej enige i.. håpe berre det e siste snørida som kjeme no.. :) So fe blomstrane vekse i fred.. ;)
Ja, det var no berre typisk at det skulle begynneå snøve dagen etter ej skreiv det her då! hehe..men ej satsa på det går fort over :)
Va no ett nydelig bilde av meg og mamma da :) hihi. Ej he drømt om dei gode svelene vi laga søndagen. Vi fe ta ei reprise på dei i mai.
Olianne
Legg inn en kommentar