mandag 26. juli 2010

Litt oppussings bilder

Idag tok Anders å sette i veranda døra...so no spørs det kor tid verandaen kjem på plass :)


søndag 18. juli 2010

sommerfølelse

Været på Sunnmøre overraska aldri, men eg føle egentlig at det har vore bra siste veka, mykje variert, men fin temperatur. Men må alltid vere forberedt på regn, spesielt viss du planlegge å grille eller et kvart...slår ikkje feil med oss!
Vi har siste veka egentlig ikkje gjort så mykje,men vi har faktisk begynt å pusse opp på loftet, eit rom som skal bli babyen sitt. Vi har rive ned tapet og fått fram tømmervegga. Skal male neste. Litt og litt så blir det bra! I dag er ein trist dag, for farmora til Anders døde i natt, etter at ho har vore dårleg lenge. Det har vore venta, men uansett er det trist. V
Bilde frå ein fin kveldstur i går kveld, før regnet kom.....

Flaskelammet fekk selskap av ein sau og lammet sitt sist søndag. Vi trudde lammet hadde brote ein fot, men vi veit egentlig ikkje heilt kva som har hendt. Kanskje noken har køyrd på det eller det hat fått flåttbit og blitt sjuk. No har vi det rundt huset her slik at vi kan følge med på det.

I morgo reiser vi på hyttetur, gleda oss til å komme oss vekk litt. Felix må vere heime å passe huset :) mjauuuu...



lørdag 10. juli 2010

Første veka av ferien

Det har allereie gått ei heil veka av ferien vår, vi har tre igjen no. Denne første veka har gått med på slått og atter slått...men no er vi ferdige! Berre litt småpussing igjen! Må no få takke alle som har hjulpe oss! Er alltid kjekt når vi er fleire som står å raka! :)

Siste dagen Olianne og familien var på Viddal var eg der inne. Var fint og varmt vær:) Så vi var ned til sjøen å testa badetemperaturen. Helga 3.juli - 4.juli var vi på søskenbarntreff i Batnfjordsøra. Albert og Liv hadde invitert alle søskenbarna på Roset sida med familie. Kjempe koselig. Var nydelig vær. Vi kosa oss med bading, prating og grilling! Flott tiltak!




5.juli hadde vi 10 mnd bryllupsdag og då var det Venke og Bjørn Terje sin tur å invitere oss på grilling. Dei har vore her på ferie ei stund no. Koselig kveld med god mat! :)

Thea var sjølvsagt med på selskapet