søndag 18. juli 2010

sommerfølelse

Været på Sunnmøre overraska aldri, men eg føle egentlig at det har vore bra siste veka, mykje variert, men fin temperatur. Men må alltid vere forberedt på regn, spesielt viss du planlegge å grille eller et kvart...slår ikkje feil med oss!
Vi har siste veka egentlig ikkje gjort så mykje,men vi har faktisk begynt å pusse opp på loftet, eit rom som skal bli babyen sitt. Vi har rive ned tapet og fått fram tømmervegga. Skal male neste. Litt og litt så blir det bra! I dag er ein trist dag, for farmora til Anders døde i natt, etter at ho har vore dårleg lenge. Det har vore venta, men uansett er det trist. V
Bilde frå ein fin kveldstur i går kveld, før regnet kom.....

Flaskelammet fekk selskap av ein sau og lammet sitt sist søndag. Vi trudde lammet hadde brote ein fot, men vi veit egentlig ikkje heilt kva som har hendt. Kanskje noken har køyrd på det eller det hat fått flåttbit og blitt sjuk. No har vi det rundt huset her slik at vi kan følge med på det.

I morgo reiser vi på hyttetur, gleda oss til å komme oss vekk litt. Felix må vere heime å passe huset :) mjauuuu...



Ingen kommentarer: