Siste tida har det vore full rulle her med oss, vi har no fått mange lam i fjøsen. Det er kun ein sau igjen som skal ha lam. Heldigvis har det gått bra med dei fleste! Det er artig å sjå kor fort dei veks og hoppar rundt! No er det spennande kor tid vi kan ha dei ut,våren har ikkje kome så godt igang endå, men med litt mildvær no so blir det bra:)

Når våren kjem er det alltid ei lukt som ikkje alle sett slik pris på, men gjødselen må ut, slik er det berre. Anders har holdt på i to daga no. Denne gjødsel lukta minne meg egentlig om bursdagen min, for eg har bursdag 5.mai. Då brukte det alltid å vere full rulle i bygda på Viddal med "møka"kjøring.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar