onsdag 5. januar 2011

Godt nyttår alle sammen!

Godt nyttår alle sammen! Vi feira nyttårsaft ut med Randi og Yngve. Det var saman med Jørn Ole,mor til Yngve Elin , Anne Marte og Sverre. Mamma og pappa skulle egentlig kome, men som dei fleste merka var det utrulig dårleg veir nyttårsafta. Derfor var det stor rasfare så dei blei på Viddal. Då vi køyrde frå Sæbø til Ørsta va det blank is i heile Bondalen, det gjekk ikkje så fort med oss for å sei det slik. Men vi kom no fram og hadde ein koseleg kveld med god middag, masse gode kaker og eit flott fyrverkeri sjølv om det var dårleg veir. Anna-Sofie på fanget til onkel Jørn Ole, fint pynta begge to :)
Planlegging av fjelltura på nyåret...Randi litt skeptisk??

Ute på verandaen var det flott utsikt!


Godt Nyttår!




Eit koselig bilde av Anna-Sofie som eg tok tidlegare på dagen! Ho e so gode atte!




1 kommentar:

Olianne sa...

oj oj lure litt på ka fjelltur Randi såg på der...hehe. Flotte bilder :)