lørdag 22. mai 2010

Litt bilde frå 17.mai

Toget på Sæbø
Eg, Siv, Steinar og Annelin

Anders spelte i generasjonskorpset, flinke var dei


Festpynta Astrid, Amalie, Bjørn Erik og Gerd




torsdag 20. mai 2010

Halveis no...


JA, vi skal ha baby, og denne veka er eg faktisk halveis på veg. Eg har vore i veldig bra form, og det håpe eg fortsetter! Vi var på ultralyd for to veker sidan og fekk sjå at alt stod bra til, spesiel og fin opplevelse. Termin er 10.10, så det blir ei spennande tid i vente! Vi gleda oss masse begge to!

torsdag 6. mai 2010

Bursdag med meir :)

I går, 5.mai, vart eg 28 år. Åra går så fort at alderen er ikkje så nødvendig å snakke om:)
Hadde besøk av mange, Gunnhild, Kenneth, Peder, Alette, Helene , Margit, Jørn, Randi, Yngve, Jørn Ole og svigerforeldre :) Koselig med kaker og kaffi:)
Eg fekk meg nytt fotoapparat med Anders i bursdagsgave, det var topp:) Fekk testa det litt, men eg kan ikkje alt...men lære etterkvart.
Jørn Ole og Anders

Alette og Peder


Ein smilande Peder:)



Margit, Peder og Alette



Idag var vi på besøk med Randi og Yngve uti Skorgura der dei har kjøpt seg hus.
Dei held på med oppussing, slik som oss og mange andre..hehe..
Randi har tapetesert soverommet sitt.
Yngve og Anders styra på badet
Utafor huset

Randi mala ei dør

fredag 30. april 2010

Kvardagsglimt

Siste tida har det vore full rulle her med oss, vi har no fått mange lam i fjøsen. Det er kun ein sau igjen som skal ha lam. Heldigvis har det gått bra med dei fleste! Det er artig å sjå kor fort dei veks og hoppar rundt! No er det spennande kor tid vi kan ha dei ut,våren har ikkje kome så godt igang endå, men med litt mildvær no so blir det bra:)


Når våren kjem er det alltid ei lukt som ikkje alle sett slik pris på, men gjødselen må ut, slik er det berre. Anders har holdt på i to daga no. Denne gjødsel lukta minne meg egentlig om bursdagen min, for eg har bursdag 5.mai. Då brukte det alltid å vere full rulle i bygda på Viddal med "møka"kjøring.


Små lamma har begynt å smake på kraftfor og silo.


Sist innlegg skreiv eg at våren var her, men helga etterpå lava det ned masse snø, var litt fortvilande syntes vi og hjorten som gjekk laus på ripstrea mine :( Håpe dei stikk til skogs no snart!





torsdag 15. april 2010

Våren er her :)

Påska er vel over, og vår følelsen er her skikkelig no.
I fjøsen kjem det fleire og fleire lam, og krokusane blomstrar så fint ute:) Det er godt etter ein så kald og lang vinter. Legg ut litt bilder frå helga som var. Vi var på tur til Viddal. Olianne var heime med familien. Desverre var det pga bestemora vår som døde i påska, ho har vore dårleg ei stund så det var venta, men utrulig trist. Begravelsen var på fredag og den var fin. Ej kjem nok til å sakne turane opp på sjukeheimen å besøke ho. Mange fine stunder har vi hatt det siste året. Tenkjer også sjølvsagt på dei gode minnene frå barndommen på Viddal med ho besta, ho var der alltid og lurte på korleis vi hadde det. Men desverre er kreft ein sjukdom som skal noke til å vinne over. Ho får kvile no.


Tvillingane kosa seg ute i sola

Mamma vant stor fruktkorg på marknad på Bjørke, det var populært i heimen. Anders ha begynt å vede litt, må tenke på neste vinter og...desverre...



Huset vårt i sola :)


Båten er kjekk å ha når vi skal på tur til Viddal, går fort inn fjorden då.


Sæbø








mandag 29. mars 2010

Påskegodis:)

Tante Venke og onkel Asle kom i går med dette store påskeegget fult med godteri! Ej var på jobb, men det var en gledelig overraskelse når ej kom heim igjen. Vi fekk det i sju månedsbryllupsgave, dei hadde fått det i oppdrag frå Olianne! No skal vi kose oss...nam nam

oppdatering om badet

Fant ut at det var på tide å oppdatere litt om badet. Vi er no nesten ferdige! Det er en lettelse...
Anders la ferdig taket i går kveld, så no skal vi sette opp dusjhjørnet, og resten av baderomsinnreiinga. Det tek litt tid å pusse opp bad he ej funne ut, men det blir no veldig bra til slutt, og stor plass i forhold til før:) Vi skal kjøpe oss hjørnebadekar, men det har vi ikkje kjøpt endå. Men skal vel klare oss ei stund uten:) Her skal dusjen vere
Anders fant ut at han ville legge flis på pipa som stikke inn i rommet, vart stilig det:)


Her er vaskane, vi skal ha høgskap inni hjørnet. Fire skuffer under vaskane, dei er kvite framme. Er berre slik beskyttelse på dei inntil vidare.

Anders legge flis, det var ei lang natt....men vart no heldigvis ferdig:)