5.januar var det 4.måneda sida vi gifta oss, og det var Gunnhild og Kenneth si oppgåve å lage middag til oss i nye huset deira. Sjølv om dei ikkje er ferdige med huset hadde dei laga det koselig til der oppe. Og det var nok rundt 15 minus ute denne dagen, men vi fraus ikkje. Kjemoe god middag var det og:) Etter middag var vi ned i leiligheita deira å fekk sjå litt video frå bryllupet, vi har ikkje sett noke endå så det var kjempe kjekt å få sjå!:) Takk for en fine ettermiddag :) Kosa oss!
lørdag 16. januar 2010
Godt Nyttår alle sammen!
Jula er vel overstått og vi er allereie to veke uti det nye året. Vi feira jul på Viddal, der var alle heime av oss søskena, Olianne hadde med seg familien sin sjølvsagt så det var full rulle der:)
Bilde over er av juletreet vårt på nesa, vi måtte no ha det sjølv om vi ikkje var der heile jula:)
Bilde nedom er Endre som fekk seg fjellduk til neste hjortejakt:) På Viddal bruka vi då ofte å prøve det vi får i julegave, noke som kan vere litt morsomt!
Bildet under er av mamma og Anders som styra på kjøkkenet. God julemiddag i år med.
Nyttårsafta feira vi med oss på Hustadneset, mamma, pappa, Jørn Ole, Randi og Yngve kom. Det var kjekt å lage til i eige hus, middagen var pinnekjøtt og vart veldig godt heldigvis!
Vi spelte litt spel og kosa oss med kake fram til kl var 00.00, då gjekk vi ned på neset og skaut opp raketta, eller fyrverkeri. Før eg, Anders, Randi og Yngve gjekk opp til Sæbø for å sjå på nyttårsplakatane.
tirsdag 15. desember 2009
Bryllupsreise
Fredag 4. desember reiste vi til Ålesund og tok Hurtigruta Trollfjord til Bergen. Vi reiste ilag med Steinar og Siv. Det var ei kjekke helg og ein flott tur. Laurdagen var det tre måneds bryllupsdag og vi skulle egentlig ha vore på Viddal å baka julekake ilag med mamma og pappa. Men det tok vi igjen, har desverre ikkje bilder frå det.
fredag 11. desember 2009
Tur til Oslo 27.11- 29.11

Siste helga i November var eg og Anders til Oslo, vi reiste ilag med Randi og Yngve. Eg, Randi og Olianne skulle på cats på laurdagen, på bursdagen til Randi. Vi reiste ned fredagen. Laurdagen var damene på litt shopping før det var på musikalen på kvelden. Det var skikkelig stas å vere på, var så flott.

På søndagen reiste eg og Anders til Venke og Bjørn Terje for å endeleg sjå og møte vesle Thea. Koselig å få møte dei.
tirsdag 17. november 2009
Helga 13.november - 15.november
I helga kom Olianne med familien til Sunnmøre. Eg henta dei fredag på Vigra og kjørte dei ut at søndagen. Endre ville gå på jakt på Sætre, men desverre blei det ingen hjort på han denne helga, men på Viddal derimot tok det av.
Kjekt å sjå igjen tvillingane igjen, dei veks for kvar gang.

Sverre Alexander

Emil Kristoffer

På fange til tante Sølvi :)
Anders har skote sju hjorta i år, so no synest eg det er nok....litt full frysar no!! men han måtte no berre skyte inn sitt nye sikte.
Emil synes det her var spennande, kanskje er han en framtidig jeger??
Kjekt å sjå igjen tvillingane igjen, dei veks for kvar gang.

Sverre Alexander

Emil Kristoffer

På fange til tante Sølvi :)
Sverre syntes det var litt skummelt med storbukken, men Emil likte seg godt:)
Anders har skote sju hjorta i år, so no synest eg det er nok....litt full frysar no!! men han måtte no berre skyte inn sitt nye sikte.
Emil synes det her var spennande, kanskje er han en framtidig jeger??
Er ikkje så lenge til vi fe treffe fam. Viddal Sætre igjen no, vi skal til Oslo siste helga i november, då skal ej, Randi og Olianne på Cats:) Gler meg masse!
Men det var ei koselig helg med masse jaktprat, god mat, kortspel og bygging med byggeklossa:)
På besøk med Peder og Alette
søndag 8. november 2009
Scrappe julekort
Som eg skreiv ville eg legge ut litt bilder av julekorta eg og Randi har laga. Vi fekk litt dilla kan du sei:) Det er kjempe kjekt å sitte å lage slike kort og sette sammen farge og slik. Litt dyr hobby er det no då, men vi har fått selt noken på julemesse igår. So får vi sjå om noken blir selt idag og:) 

Abonner på:
Innlegg (Atom)










