søndag 31. oktober 2010

Endelig kom lisjejenta vår!

Etter at vi venta og venta på at lisjegullet i magen skulle melde sin ankomst kom ho til slutt den 25. 10 .10 kl 02.20. Ho var 3930 gr og 50 cm. Frisk og heilt nydelig jente. Vi er så stolt av ho og koser oss no heime med henne! Ein stolt pappa første dagen
Mamma og lisjejenta berre noken tima etter fødsel

Her er ho klar for heim reise. Sov heile vegen heim frå Ålesund :)



Her er vi heime på Hustadneset, våken og kvikk lite gull! Men ho søv også mykje!



Ah, godt å vere heime synes både pappa og lisjejenta :)

onsdag 6. oktober 2010

Tur i Bakkedalen

Søndag for to veker sidan tok vi å køyrde opp i Bakkedalen, gjekk ein liten tur mot Bondalsbakken, og ellers berre kika rundt :) Flott vær og fine fargar no om hausten ja!
Flott utsikt mot Viddal

Fox var med på tur


Meg og litt av Flink mot Bondalsbakken








lørdag 25. september 2010

mens vi venta...




No nærma det seg til lisjegullet i magen skal komme, og vi gleda oss masse. Eg har begynt på permisjonen min og teke dagane med ro. Litt å sysle med har eg, strikka litt og slikt! men det eg hadde tenkt å vise her var kva ho mamma på Viddal har strikka til oss :) Vi har fått mykje fint både frå mine foreldre og Anders sine foreldre...trur no dei gler seg også til det store som skal skje :) So det er ikkje eg som har strikka dette her!!!! :)

lørdag 11. september 2010

1 årsbryllaupsdag 5.september

Tenk at det allereie har gått eitt år sidan vi gifta oss, heilt rart egentlig. Vi var så heldige at vi fekk spandert på middag av Gerd og Arne Johan i Loen på Alexandra. Ein flott dag. Vi tok litt biltur på veg heimover når vi allereie var på tur!
Eg fekk flott bukett med Anders, den står endå og er kjempe flott :)


Barnerommet er ferdig :)

Då var rommet endelig ferdig, og vi er kjempe fornøgde med det! Her er dør inn til soverommet våra, den bytta vi ikkje ut.
Ut til gangen bytta vi ut døra pga at den var ganske so treig.
Vi har mala tømmerveggane, lagt nytt laminat gulv i Eik og tapetesert eine veggen.
Blei veldig lyst og fint :)









søndag 29. august 2010

Litt bilder frå siste tida

Vi har gjort litt av kvart i det siste, men eg har ikkje hatt data som fungera so bra til å laste opp bilde og styr, men no prøva eg!
5. august var det fadderane til Anders som skulle invitere oss med på akvariumet i Ålesund, vi hadde då 11 måneds bryllups dag. Men det passa ikkje for oss eller dei, men vi fekk invitasjonen litt seinare. Så i går hadde vi ein kjekke dag i Ålesund. Starta med akvariumet så i byen på matfestival! Koselig dag! Her fekk vi med oss mating av pingvinane, dei var søte..men ganske små!
Ein blekksprut som eg måtte ta bilde ta.

Anders fant ein venn...hehe..Komisk at dei har hatt ein steinbit som heiter Anders, eller om han er der endå det veit eg ikkje. Anbefale ein tur på akvariumet både for store og små!


For tre veke sidan var vi på søndagstur ilag med Steinar og Siv til Stadlandet, vi køyrde rundt om å var litt turista. Her er vi ved Kannesteinen som ligg utanfor Måløy. Ein flott dag med nydelig vær!


Anders måtte sjølvsagt prøve å klatre oppå steinen, og fekk det til!


Dette er i Ervika, nydelig strand, men litt kaldt i sjøen so det holdt med vassing for oss.

fredag 20. august 2010

Snart helg igjen!

No er det jammen fredag igjen, og det lika vi! Men no har eg berre tre veke igjen på jobb før eg skal ha ei veke ferie so er det permisjon, syns tida går kjempe fort eg no altså!

I helga skal vi på hyttetur, fått låne tussehytta inne i Steinsvika oppe med Storlivatn, skal bli kjekt det! Håpe sola kjem tilbake i morgo ivertfall og kanskje vi finne litt blåbær!:)

No er eg 33 veker på veg, mykje liv i magen er det kvar dag...sparka i veg i ett sett av og til!:) Utrulig rar følelse, men også herlig! Anders held på å pusse opp på loftet, håper han blir ferdig før babyen kjem, men det trur eg :)

Ha ei fin helg alle sammen!!!