søndag 29. august 2010

Litt bilder frå siste tida

Vi har gjort litt av kvart i det siste, men eg har ikkje hatt data som fungera so bra til å laste opp bilde og styr, men no prøva eg!
5. august var det fadderane til Anders som skulle invitere oss med på akvariumet i Ålesund, vi hadde då 11 måneds bryllups dag. Men det passa ikkje for oss eller dei, men vi fekk invitasjonen litt seinare. Så i går hadde vi ein kjekke dag i Ålesund. Starta med akvariumet så i byen på matfestival! Koselig dag! Her fekk vi med oss mating av pingvinane, dei var søte..men ganske små!
Ein blekksprut som eg måtte ta bilde ta.

Anders fant ein venn...hehe..Komisk at dei har hatt ein steinbit som heiter Anders, eller om han er der endå det veit eg ikkje. Anbefale ein tur på akvariumet både for store og små!


For tre veke sidan var vi på søndagstur ilag med Steinar og Siv til Stadlandet, vi køyrde rundt om å var litt turista. Her er vi ved Kannesteinen som ligg utanfor Måløy. Ein flott dag med nydelig vær!


Anders måtte sjølvsagt prøve å klatre oppå steinen, og fekk det til!


Dette er i Ervika, nydelig strand, men litt kaldt i sjøen so det holdt med vassing for oss.

Ingen kommentarer: