torsdag 4. november 2010
Første veka heime med Anna-Sofie
I morgon har vi vore heime ei veke allereie, Anna-Sofie veks og har det fint. Vi kosa oss masse med henne! Og mora har begynt å kome seg til hektene også, har litt lav blodprosent, men det kjem seg håpe vi :)
søndag 31. oktober 2010
Endelig kom lisjejenta vår!
Etter at vi venta og venta på at lisjegullet i magen skulle melde sin ankomst kom ho til slutt den 25. 10 .10 kl 02.20. Ho var 3930 gr og 50 cm. Frisk og heilt nydelig jente. Vi er så stolt av ho og koser oss no heime med henne!
Ein stolt pappa første dagen
Mamma og lisjejenta berre noken tima etter fødsel
onsdag 6. oktober 2010
Tur i Bakkedalen
lørdag 25. september 2010
mens vi venta...
No nærma det seg til lisjegullet i magen skal komme, og vi gleda oss masse. Eg har begynt på permisjonen min og teke dagane med ro. Litt å sysle med har eg, strikka litt og slikt! men det eg hadde tenkt å vise her var kva ho mamma på Viddal har strikka til oss :) Vi har fått mykje fint både frå mine foreldre og Anders sine foreldre...trur no dei gler seg også til det store som skal skje :) So det er ikkje eg som har strikka dette her!!!! :)
lørdag 11. september 2010
1 årsbryllaupsdag 5.september
søndag 29. august 2010
Litt bilder frå siste tida
Vi har gjort litt av kvart i det siste, men eg har ikkje hatt data som fungera so bra til å laste opp bilde og styr, men no prøva eg!
5. august var det fadderane til Anders som skulle invitere oss med på akvariumet i Ålesund, vi hadde då 11 måneds bryllups dag. Men det passa ikkje for oss eller dei, men vi fekk invitasjonen litt seinare. Så i går hadde vi ein kjekke dag i Ålesund. Starta med akvariumet så i byen på matfestival! Koselig dag!
Her fekk vi med oss mating av pingvinane, dei var søte..men ganske små!
Ein blekksprut som eg måtte ta bilde ta.

Anders fant ein venn...hehe..Komisk at dei har hatt ein steinbit som heiter Anders, eller om han er der endå det veit eg ikkje. Anbefale ein tur på akvariumet både for store og små!
Anders fant ein venn...hehe..Komisk at dei har hatt ein steinbit som heiter Anders, eller om han er der endå det veit eg ikkje. Anbefale ein tur på akvariumet både for store og små!
Abonner på:
Innlegg (Atom)