mandag 26. juli 2010
søndag 18. juli 2010
sommerfølelse
Været på Sunnmøre overraska aldri, men eg føle egentlig at det har vore bra siste veka, mykje variert, men fin temperatur. Men må alltid vere forberedt på regn, spesielt viss du planlegge å grille eller et kvart...slår ikkje feil med oss!
Vi har siste veka egentlig ikkje gjort så mykje,men vi har faktisk begynt å pusse opp på loftet, eit rom som skal bli babyen sitt. Vi har rive ned tapet og fått fram tømmervegga. Skal male neste. Litt og litt så blir det bra! I dag er ein trist dag, for farmora til Anders døde i natt, etter at ho har vore dårleg lenge. Det har vore venta, men uansett er det trist. V
lørdag 10. juli 2010
Første veka av ferien
Det har allereie gått ei heil veka av ferien vår, vi har tre igjen no. Denne første veka har gått med på slått og atter slått...men no er vi ferdige! Berre litt småpussing igjen! Må no få takke alle som har hjulpe oss! Er alltid kjekt når vi er fleire som står å raka! :)
5.juli hadde vi 10 mnd bryllupsdag og då var det Venke og Bjørn Terje sin tur å invitere oss på grilling. Dei har vore her på ferie ei stund no. Koselig kveld med god mat! :)
onsdag 30. juni 2010
Tett før ferie no :)
Idag er siste dagen min på jobb før ferie, det skal bli godt med fire veke ferie no ja! Anders skal jobbe i morgo også, så har han ferie.
Felix var så uheldig å få i seg to fiskekroka her ein dag, vi måtte til dyrlege. Der fekk han bedøvelse og blei fiksa, han he det bra no. Men synes bra synd på han ja. Håpe han ikkje rota seg borti fleire fiskekroka.
Vi har no hatt tida til å nyte litt sommer så langt, på mandag var vi ein tur til Gallesteinane ilag med Siv og Steinar. Der kosa vi oss med bål og grilla litt. Sjølvsagt kom det noken regnbyge, men det gjekk bra.
Kos <3>
Som alltid må vi nok få inn graset før vi kan ta heilt fri, men vi er godt i gang og håper på at veiret ikkje blir for gale. Anders står på seint og tidlig, eg prøva å hjelpe så godt eg kan. Idag kjem Jørn Ole og skal hjelpe oss! Planen er å reise på sommerferie tur 10.juli, så vi får krysse fingrane for at vi er klare då :)
søndag 27. juni 2010
Tunnelopning helga 26.juni - 27.juni
Laurdag 26.juni var ein stor dag på Bjørke. Vi var der sjølvsagt, det var tid for opning av Leiratunnelen. Rart kor fort det egenltig har gått, men no er vegen rassikra mellom Leira og Bjørke og det er ein flott tunell! :) Eg og Anders budde på Viddal då dei byrja å arbeide med tunnnelen, og eg hugsar godt når dei sprengte so stovavindauga dirra på Viddal :)
torsdag 27. mai 2010
Utfordring...
Eg fekk ei utfordring frå Åse-Lill om å skrive om sju ting som folk faktisk ikkje veit om meg...hmm, har gjort det før, men kanskje eg kjem på noken nye ting. Er litt usikker....
No skal vi sjå:
1. Som lita jente var eg ekstrem på å tryne/dette og få dei største skrubbsåra på knea som fantest på Viddal. Mange stunder på badet med ho mamma der eg hylte og skreik. Ofte måtte eg knipe storesysta mi når mamma plukka småstein ut av knea mine. Herlige sommerminne ja...:)
2. Eg begynte på skule når eg var 5 år (!!!) ikkje fordi eg var rare(trur eg) men fordi det var flytta noken til bygda som skulle lære seg norsk.
3. Eg elska å bade, og det begynte tidleg. Ein gong når vi var på båttur, trur eg var rundt tre fire år) og mamma og pappa låg å sola seg på badestranda la eg på svøm, med redningsvest vel å merke. Mamma måtte svømme langt utover for å få meg på land igjen.
Meg som lita jente :)
4. Eg må ha det ryddig rundt meg, takla rot, men då mistrives eg. Kan seie eg går å plukka på noke heile tida. Spesielt viss eg får besøk, og det irritera meg når andre gjer det so eg forstår ikkje kvifor eg gjer det sjølv.
5. Eg kan vere ekstremt utolmodig, tru det eller ei, bør nok nemnast at eg kan ikkje vere det på jobb, er nok derfor eg er det på fritida! :)
6. Ein av dei første gangane eg og Anders var på båttur ilag sprakk buksa mi, NOKE SO FLAUT! hehe
7. Då pappa og bestefaren vår holdt på å bytte bordkleding på gamle huset heime hadde vi masse nye bord som låg under stabburet. Eg og Olianne (storesysta) tok å bora hol i mange fjøle under ei middagskvil en dag. Vi syns det var so kjekt med den der handboren, men då vi høyrde at det var snekkeren som fekk kjeft for det fant vi ut at det var best å holde tett....har nok kome fram etterkvart.(det er mange år sidan dette hendte..hehe)
Det var no noken ting, kanskje ikkje så kjempe spennande. Men eg sende utfordringa vidare til Olianne og Venke! Lykke til :)
lørdag 22. mai 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)