torsdag 5. november 2009

To månedsbryllupsdag

Denne gangen var det Randi og Ynge som skulle invitere med oss på kino. Desverre var Yngve på jobb, men Randi tok oss med på Fame, og vi fekk popkorn og alt som høyre til på kino!:)

Vi tok ingen bilder på kinoen, for d e no ikkje so vanlig då:)


Men ej og Randi he laga masse julekort i scrapping denne veka, vi he tenkt å prøve å selge det på julemesse på Bjørke i helga. So skal ta litt bilde å legge ut av dei i helga:)

Ha ei fin helg folkens...nyt fridagane viss dokke he, viss ikkje so kjem det alltid ei helg igjen:)

onsdag 4. november 2009

Ferieveke :)

Eg og Anders tok ei veke med ferie, det har vore godt med fri:)
Det er sjølvsagt noke med den månen og jakta som lokka Anders til å ha fri, så han er stort sett ute om natta og jakta. Ein av kveldane var eg med han fram i jakthytta og satt der i tre tima. Fant vel ut at det var spennande, men for min del vart det litt kjedelig! Anders hadde en teknikk med å sjå i noken minutt for so å sove i noken minutt, ej klarte no sjølvsagt ikkje det. Ej klarte heller ikkje å vere heilt stille! :) hehe...men men, vi gjekk ned igjen kl 01.00 om natta i måneskinn, rart kor alt forandra seg i måneskinn i forhold til vanleg dagslys. Felix var ikkje med på jakt:) Han går nok på jakt for seg sjølv om natta...

Søndag gjekk vi ein tur på Viddalssætra, det var mildt og fint vær. For dokke som kjenne vegen opp så veit dokke kor bratt det er, ikkje så langt, men ej er ikkje so gla i dei bratte bakkane opp! Men det var på tide vi gjekk oss ein tur, vi har ikkje vore der oppe før i sommer. Vi har kjempe lyst til å få satt opp igjen selet som høyrer til garden ej kjem frå, men det er ganske stor rasfare der om vinteren desverre.


Ej var så heldig å fekk låne denne kule jakthua, litt kalde vind der oppe.





Måneskinn





tirsdag 20. oktober 2009

5.oktober 2009, en månedsbryllupsdag:)

Olianne, forloveren til Sølvi, ga oppgaver til mange av gjestane i bryllupet vårt. Oppgavene skulle skje kvar 5. i måneden eitt år framover. Først ute var Siv og Steinar, dei skulle invitere oss på middag. Og det var ein flott middag, det varr flott pynta bord og utsøkt middag.Forretten var Steinars blomkålsuppe..nam nam.
Hovudretten var indrefilet av svin surra med bacon, fløtegratinerte poteter, grønsaker og heimelaga saus! kjempe godt!!
Dessert var bløtkake med gele forma som eit hjerte, veldig romantisk og godt:)
Ikkje like heldige på bilde her, men men...kosa oss ivertfall!!

Siv hadde vore veldig flinke og laga det koselig!:) Ein fine kveld som vi ikkje glømme!:)










søndag 18. oktober 2009

Bryllupsbilde:)

Endelig fekk vi bilda frå fotografen, og vi er kjempe fornøgde! Er så mange fine bilder at det kjem til å bli vanskelig å velge ut noken til takkekort og veggbilde.





















Dette bilde var i avisene no i veka som var, men det var litt nærmare og i svart kvitt.












søndag 30. august 2009

Litt praktisk informasjon!


I samband med bryllupet vårt må vi komme med ei opplysning.

Båten som går frå Sæbø til Bjørke vil koste litt for gjestane, vi vil ta 150 kr pr person for tur-retur. Vi håper at dette går bra....Viss alle kan betale det på festen inn på Haukly så hadde det vore heilt topp! skal lage til ein konvolutt med liste slik at vi har oversikt på det:)


Snart er dagen der:)

torsdag 20. august 2009

No nærma det seg.....:)





...det nærma seg BRYLLUP, endelig er dagen her snart som vi he snakka og planlagt so lenge!!

Litt styr å planlegge er det no endå, men vi ville legge ut litt info før dagen er her.


Vi sendte ut informasjon om at det går skyssbåt frå Sæbø til Bjørke før vielsen, båten er heiter Hjørundfjord og går frå Sæbø kl 12.00. Når båten er framme på Bjørke må dokke gå opp til kyrkja, men det er ikkje langt!!!

Frå kyrkja og opp til ungdomshuset vil vi få til transport:)
Returtidspunkt om kvelden vil bli opplyst under festen.


Men det er også muligheit å kjøre til Bjørke, og det er det mange som skal har vi forstått:) Vi reknar med at alle veit ca kor kyrkja er og finn fram:)


Ellers så er vi kjempe gla for at så mange kjem i bryllupet vårt:)


Begge to har ferie fram til bryllupet, so vi er veldig tilgjengelige på tlf dersom spørsmål, viss vi ikkje er på fjelltura uten dekning....:)