onsdag 4. november 2009

Ferieveke :)

Eg og Anders tok ei veke med ferie, det har vore godt med fri:)
Det er sjølvsagt noke med den månen og jakta som lokka Anders til å ha fri, så han er stort sett ute om natta og jakta. Ein av kveldane var eg med han fram i jakthytta og satt der i tre tima. Fant vel ut at det var spennande, men for min del vart det litt kjedelig! Anders hadde en teknikk med å sjå i noken minutt for so å sove i noken minutt, ej klarte no sjølvsagt ikkje det. Ej klarte heller ikkje å vere heilt stille! :) hehe...men men, vi gjekk ned igjen kl 01.00 om natta i måneskinn, rart kor alt forandra seg i måneskinn i forhold til vanleg dagslys. Felix var ikkje med på jakt:) Han går nok på jakt for seg sjølv om natta...

Søndag gjekk vi ein tur på Viddalssætra, det var mildt og fint vær. For dokke som kjenne vegen opp så veit dokke kor bratt det er, ikkje så langt, men ej er ikkje so gla i dei bratte bakkane opp! Men det var på tide vi gjekk oss ein tur, vi har ikkje vore der oppe før i sommer. Vi har kjempe lyst til å få satt opp igjen selet som høyrer til garden ej kjem frå, men det er ganske stor rasfare der om vinteren desverre.


Ej var så heldig å fekk låne denne kule jakthua, litt kalde vind der oppe.





Måneskinn





Ingen kommentarer: