tirsdag 26. mai 2009

Bryllupsplanlegging


No for tida går det mest i bryllupsplanlegging, og snart vil du vere så heldig å kanskje få en invitasjon av oss i postkassa...for invitasjonane er endelig klare.


Vi har gjort det enkelt, men fint syns vi:)

Held på å sette opp ei ønskeliste som vi skal legge ut her! Så berre følg med:)

tirsdag 5. mai 2009

Litt vår bilder:)

Vi har fått mange lam i fjøsen og no har vi hatt ut ein del på markane rundt husa her. Det er koselig å sjå på saudene og lamma kor dei kosa seg ute. Våren har komt veldig tidlig i år, men idag var det nysnø i toppane på fjella.
Desse er litt for små til å komme ut endå, men snart er det deira tur også.


Det var ein dag eg var ute og tok litt bilder her frå garden vår, her er kjempe fint no når våren er komen og sola kjem fram.


Huset vårt med stabburet og vedhuset. Vi skal snart begynne på veranda og male hus og vedhuset. Så vi har nok å gjere på framover:)



mandag 13. april 2009

Tur på Lisjehaugen og Tua


Vi he hatt plana lenge om å gå ein tur opp på Tua, men det har liksom aldri blitt med oss. Tua ligg rett ovanfor garden vår. Litt bratt, men ikkje så lang tur. Det er oppmerka sti. Før du kjem opp til Tua kjem ein opp til Lisjehaugen. Det var ein fin tur. Men ein del snø før Tua så vi gjekk ikkje heilt opp.
På bildet over ser dokke Leknes bak meg og inn Norangsfjorden.



Bak oss på dette bildet ser dokke inn til Viddal.


Anders fant igjen eit gammalt jakt-tårn som han brukte før.



Her ser dokke Sæbø.




Fest i Påska


Kjøkkenet vårt er nesten ferdig, litt listing og slikt igjen no, så i Påska har vi ikkje gjort så mykje, men som dokke ser har det blitt fint og vi er veldig fornøgde.

Så vi tok og inviterte til en liten fest slik at folk skulle få sjå kor fint vi he fått det:)



Ein parykk som vi he vart veldig populær...og vi laga paraplydrink med ekte paraply...jaja..koselig var det ivertfall:)




























Sølvi på tur til Oslo 3april - 6.april

Ej tok meg ein tur til Oslo for å finne meg brudekjole og besøke Olianne, Endre og gjengen.
I og med ej forsov meg fredagen måtte ej ta eit seinare fly. Slikt som skjer desverre!
Fredagen var vi på ein fin trilletur og kosa oss. Laurdagen fant ej meg brudekjole, e veldig fornøgd, men bildene må no sjølvsagt ventast med til den store dagen som er 5.september.
På søndagen gjekk vi også på trilletur og det var sol og flott veir, vi var på kafè. Når vi kom heim måtte vi teste verandaen litt:) Om kvelden av ej og Olianne på kino.
Måndag reiste ej heim igjen. Ein fin tur til Oslo:)


















































mandag 23. mars 2009

Vi venta på vår....


I helga har Anders vore sjuk, sist helg var det ej som var det...kjedelig! I går kveld begynte det plutselig å snøve igjen, så idag tidleg syntes ej litt synd på desse krokusane som he kome fram! Men snøven i mars bruka no ikkje å bli så lenge heldigvis:)

onsdag 18. mars 2009

Kjøkken



Vi held på med kjøkkenet i huset, vi begynte i februar og no begynne det å nærme seg at det er ferdig! Vi bestilte frå Ikea, så alt var flatpakka, det tek si tid å skru i hop alt sammen! Tolmodigheit må en også ha! hehe.. Det blir kjempe fint når alt e ferdig!! Her ser dokke kjøkkenet før vi fekk opp noke nytt....





Her er to bilder av kjøkkenet så langt nå, vi skal ha slike plater som likner på flis mellom benken og overskapa. På gulvet har vi samme parkett som på stua. Elektriker har litt arbeid igjen. Men ut i neste veke håper vi at vi er ferdig!





Kjem meir bilder seinare! Dette har eg også teke med mobilen, men lovar meir detaljert seinare.