I går var det første farsdagen for Anders, ej laga bløtkake til han og god hjortegryte til middag. Vi var ein tur fram i Myrholen for å sjå på huset, dei held på å flytte inn no :) Anna-Sofie fekk sjølvsagt vere med. Søskenbarnet hennar, Peder som er akkurat på dagen 1 år eldre, ville so gjerne knipe borti ho og leike seg, synd eg glømte kameraet! Men litt for tidlig med leiking no :)
mandag 15. november 2010
Farsdag
torsdag 4. november 2010
Første veka heime med Anna-Sofie
I morgon har vi vore heime ei veke allereie, Anna-Sofie veks og har det fint. Vi kosa oss masse med henne! Og mora har begynt å kome seg til hektene også, har litt lav blodprosent, men det kjem seg håpe vi :)
søndag 31. oktober 2010
Endelig kom lisjejenta vår!
Etter at vi venta og venta på at lisjegullet i magen skulle melde sin ankomst kom ho til slutt den 25. 10 .10 kl 02.20. Ho var 3930 gr og 50 cm. Frisk og heilt nydelig jente. Vi er så stolt av ho og koser oss no heime med henne!
Ein stolt pappa første dagen
Mamma og lisjejenta berre noken tima etter fødsel
onsdag 6. oktober 2010
Tur i Bakkedalen
lørdag 25. september 2010
mens vi venta...
No nærma det seg til lisjegullet i magen skal komme, og vi gleda oss masse. Eg har begynt på permisjonen min og teke dagane med ro. Litt å sysle med har eg, strikka litt og slikt! men det eg hadde tenkt å vise her var kva ho mamma på Viddal har strikka til oss :) Vi har fått mykje fint både frå mine foreldre og Anders sine foreldre...trur no dei gler seg også til det store som skal skje :) So det er ikkje eg som har strikka dette her!!!! :)
lørdag 11. september 2010
1 årsbryllaupsdag 5.september
Abonner på:
Innlegg (Atom)