onsdag 18. mars 2009

Kjøkken



Vi held på med kjøkkenet i huset, vi begynte i februar og no begynne det å nærme seg at det er ferdig! Vi bestilte frå Ikea, så alt var flatpakka, det tek si tid å skru i hop alt sammen! Tolmodigheit må en også ha! hehe.. Det blir kjempe fint når alt e ferdig!! Her ser dokke kjøkkenet før vi fekk opp noke nytt....





Her er to bilder av kjøkkenet så langt nå, vi skal ha slike plater som likner på flis mellom benken og overskapa. På gulvet har vi samme parkett som på stua. Elektriker har litt arbeid igjen. Men ut i neste veke håper vi at vi er ferdig!





Kjem meir bilder seinare! Dette har eg også teke med mobilen, men lovar meir detaljert seinare.

Tvillingane på besøk på Viddal












Olianne kom ein tur til Viddal saman med guttane. No har dei begynt å krype og er aktive! Flytta seg fort. Litt knuffing også ser dokke på bilda ovafor. Sverre har nok tatte eit interessant blad frå Emil her.


Tok dei også med ein tur opp i fjøsen for å helse på kyrne. Pappa skal sende mjølkekyrne sine no, men han skal ha kalva og oksa ei stund til. Mange spennande ting i fjøsen for Emil og Sverre.






Legg med noken bilder til. Har teke dei med mobilen så kvaliteten er ikkje på topp, men artige bilder.


Trur det var kjekt å vere på Viddal denne gangen og, berre synd at dei blei så forkjøla.

Oldefar likte godt å herje med gutane. Det er Emil som sit på fanget hans her.











søndag 1. mars 2009

Stua som har vore ferdig ei stund...


Det var før jul vi begynte med oppussing av huset. Mykje har skjedd sidan det. Vi tok først stua, egentlig hadde vi ikkje tenkt å gjere noke, men er gla vi begynte:) her ser dokke to bilder før oppussing og noken etter. Vi har mala veggane og taket i tillegg til å legge nytt gulv. Det blei utrulig mykje lysare. Vi har også bytta ut ovnen og laga ny mur bak den. Vi er fornøgde så langt:)




Vi har no forandra litt sidan jula, men det kjem meir bilder når vi har fått opp kjøkkenet:)



















søndag 22. februar 2009

Vinterferie

I morgon startar vinterferien.

Men verken meg eller Anders e så heldige at vi har det då..hehe..Men eg skal på vinterferietur med jobb. Så vi skal til Hafjell å stå på ski og kose oss i fire dagar. Det håpe ej blir bra og ingen bein brudd...uææ..hehe..


Legge med noken bilder frå tur på Åmskaret ein søndag for noken veke sidan. No regnar det ute og ser ikkje ut som det har tenkt å stoppe heller. Her hadde vi skikkelig påskestemning på skituren som dokke ser. Randi og Yngve og ej og Anders hadde en fin tur!:)

Kontor/gjesterom
















Vi har også blitt ferdig med kontoret/gjesterom. Skal sette inn ei seng bak med skråveggen der. Berre det at den senga står inn på Viddal. Men som du ser her var også den populære fargen brun på veggane..hehe..det var eit vegg til vegg teppe på gulvet som var oransj og brun, men det kvitta vi oss med. Så valgte vi en fresh farge..som dokke ser.
Eg har også funne ut at eg har utrulig mange ting som eg har samla på i forskjellige kasse og som ikkje har blitt pakka opp mellom kvar flytte runde, så no he vi rydda og styra på. Ikkje alt var nødvendig å ha fram..hehe..men litt bilde og slikt he vi hengt opp. Vart en koselig krok dette her. Så her skal eg sitte å blogge no framover!:)
Vedsiden av den kvite hylle skal gjestesenga stå.

Oppussing




Sidan desember har eg og Anders begynt å pusse opp gamlehuset på Hustadneset. Vi er no ferdig med stua, eit soverom og eit gjestesoverom/ kontor. Held på med kjøkkenet, vi har bestilt frå Ikea, det kjem i løpet av månedsskifte håpe vi. Gangen og held vi på, men ting teke tid! Mykje av fargane som var i huset frå før var stort sett brunt og brunt og atter brunt!:)

Her er det soverommet våra som vi er ferdig med, som du ser over var det brun tapet som eg mala. Vi har mala taket og. Nytt gulv har vi også lagt.

Her ser dokke resulatet etter oppussinga. Blei veldig fornøgde. Det blei kjempe koselig synes ej! Senga har vi arva, det høyrer til to nattbord, eit kleskap og ein skjenk med speil.

lørdag 21. februar 2009

Endeleg på nett igjen....


Ja, ej kan tenkje meg at dokke som e innom her av og til he lurt på ka som he skjedd med vår sin blogg...men vi har ikkje glømt den! hehe...Har ikkje hatt internett i hus sidan desember og vi har flytta og driv på med oppussing..så nå er det på tide med oppdatering når vi endeleg fekk nett igjen:) JUHU!!!