torsdag 4. juni 2009

Bryllupsinformasjon:)

Etter at vi har fått sendt ut invitasjonane no er det vel på tide å komme med litt informasjon og ønskelista som vi skreiv:) Idag er det tre måneder til dagen er her og det kjem til å gå fort.
Vi har tenkt ein del på gjestane våra som må reise eit stykke og treng overnatting, noken vil kanskje ordne ut i overnatting sjølv og då har dokke muligheite for det på Sæbø:

Sagafjord Hotel : http://www.sagafjordhotell.no/ tlf: 70040260

Bondalselva camping: http://www.bondalselva-camp.no/ tlf : 70040300

Hjørundfjord camping: http://www.hjorundfjord-camping.no/ tlf: 70040016

I tillegg til dette har vi eit par ledige små hytter på Hustadneset, så då er det berre å ta kontakt med oss eller Gerd og Arne Johan på tlf 70040085 , http://www.hustadnes-fjordhytter.no/

Sjølv om bryllupet skal vere på Bjørke så skal vi som sagt ha båt frå Sæbø og ut att, det er båten Hjørundfjord som stiller.

Vi har også overnattingsmuligheite på Bjørke/Viddal. Vi har fått låne eit hus som Tussa ansatte kan benytte seg av på Bjørke, dette ligg ovanfor symjehallen, nært kyrkja. Og så har vi eit hus på Viddal som vi og får låne, det er Gustav Hole sitt hus ned med sjøen på Hole. Det er berre å ta kontakt med oss dersom dokke trenge overnatting!!

Så har vi prøvd å lage oss ei ønskeliste over gave, vi legg ut liste på Kristiania Glasmagasin i tillegg til her.

Ingen kommentarer: