
Laurdag 5.juli hadde både pappa og Jørn Ole bursdag. Mamma blei 50 år tidlegare i vår og hadde ikkje bedt inn til noke selskap då ho og pappa var til Oslo på tur. Så vi hadde bedt i hop litt familie og slekt. Noken var på ferie så ikkje alle kunne møte.
Mange gode kaker:)
Meg, Anders og Yngve

Flink tok det med ro i skyggen..
Søndagen fekk vi besøk av søskenbarnet mitt Janne Trude. Ho bur i Stryn så vi har hatt mykje kontakt dei siste åra, når eg budde der før. Koseleg at ho tok seg ein tur!
Yngve og Randi kom også ein tur for å sjå den nye pusen vår og kaninene.




Eg og Janne Trude tok oss en båttur, men det var mykje vind og store bølge. Vi fiska inn i bukta ved Bjørke, men lite fisk å få. Men ein fin tur:) På brygga fekk Janne to sjøstjerne.
Vi grilla etter båtturen:)Vi fekk også besøk av onkel Kolbjørn, tante Kari og onkel Nils sammen med mamma og pappa. Dei ville sjå huset vi bur i, så det blei masse besøk denne dagen:)
Seinare på kvelden vart himmelen heilt rosa, og der begynte å regne, vi trudde det beli torden, men det vart det ikkje.


1 kommentar:
Flotte bilder!! såg ut til å vere ei bra helg. Utrulig bra stil på onkel Nils på det siste bilde.. han naut godveret må ej sei :)
-Olianne-
Legg inn en kommentar