Eg fekk ei utfordring frå Åse-Lill om å skrive om sju ting som folk faktisk ikkje veit om meg...hmm, har gjort det før, men kanskje eg kjem på noken nye ting. Er litt usikker....
No skal vi sjå:
1. Som lita jente var eg ekstrem på å tryne/dette og få dei største skrubbsåra på knea som fantest på Viddal. Mange stunder på badet med ho mamma der eg hylte og skreik. Ofte måtte eg knipe storesysta mi når mamma plukka småstein ut av knea mine. Herlige sommerminne ja...:)
2. Eg begynte på skule når eg var 5 år (!!!) ikkje fordi eg var rare(trur eg) men fordi det var flytta noken til bygda som skulle lære seg norsk.
3. Eg elska å bade, og det begynte tidleg. Ein gong når vi var på båttur, trur eg var rundt tre fire år) og mamma og pappa låg å sola seg på badestranda la eg på svøm, med redningsvest vel å merke. Mamma måtte svømme langt utover for å få meg på land igjen.

Meg som lita jente :)
4. Eg må ha det ryddig rundt meg, takla rot, men då mistrives eg. Kan seie eg går å plukka på noke heile tida. Spesielt viss eg får besøk, og det irritera meg når andre gjer det so eg forstår ikkje kvifor eg gjer det sjølv.
5. Eg kan vere ekstremt utolmodig, tru det eller ei, bør nok nemnast at eg kan ikkje vere det på jobb, er nok derfor eg er det på fritida! :)
6. Ein av dei første gangane eg og Anders var på båttur ilag sprakk buksa mi, NOKE SO FLAUT! hehe
7. Då pappa og bestefaren vår holdt på å bytte bordkleding på gamle huset heime hadde vi masse nye bord som låg under stabburet. Eg og Olianne (storesysta) tok å bora hol i mange fjøle under ei middagskvil en dag. Vi syns det var so kjekt med den der handboren, men då vi høyrde at det var snekkeren som fekk kjeft for det fant vi ut at det var best å holde tett....har nok kome fram etterkvart.(det er mange år sidan dette hendte..hehe)
Det var no noken ting, kanskje ikkje så kjempe spennande. Men eg sende utfordringa vidare til Olianne og Venke! Lykke til :)