onsdag 17. februar 2010
Etter mange forskjellige lag....
........kom vi til slutt innpå tømmerveggane på badet. Artig å sjå alle mulige sorta tapet og maling som he vore brukt opp gjennom tidene. Gjekk kjapt å få ned veggen og heldigvis:)
tirsdag 16. februar 2010
Oppussing av badet er i gang!
Det blit litt vanskelig å forklare kanskje..men vi skal slå ned denne veggen slik at det blir eit større rom. Dette er det no klart for å gjere. Vi skal legge nytt tak, flise med varmekabla på gulvet og så skal vi ha slike baderomsplater. ej gler meg til alt er ferdig, litt styr no når det står på, men men....Blir so bra so bra til slutt! Anders er så flinke at det går nok fort!

torsdag 11. februar 2010
Sølvi på spark-tur
Eg hadde fri idag og tenkte eg skulle prøve sparken opp til Sæbø, var opp å besøkte ho Besta på sjukeheimen. På veg heim att såg eg det kom eit lite dyr springande oppi stranda, trudde det var ein katt, men den sprang veldig fort. Fant ut at det var ein oter. Han kom nesten heilt bort til meg før han snudde. Har filma litt på mobilen, men veit ikkje om det fungera.
mandag 8. februar 2010
Fjøs-nytt
Legge ut litt bilder frå fjøsen, blei litt uklare og slikt...men men det e no inni en fjøs so!:)







Sidan nyttår har eg og Anders teke over gardsdrifta. Vi har sau og to kvige.
Anders har styra mykje med forbetring i fjøsen, og det har blitt bra no! Dyra er fornøgde, og det er meir lettvint for oss å fore dei og for ikkje snakke om når det blir lamming.
No står det kun att å få til eit system for vassforsyning til dyra. Når dette er klart skal vi endelig begynne å pusse opp badet! :) Vi he som vanlig nok å styre med....
tirsdag 2. februar 2010
Sola kom endelig!!



Legge til eit bilde av nye bilen min, kjøpte den før jul, eller ej bytta inn corollaen. Utrulig kjekt med firhjulstrekk syns ej!:)

Abonner på:
Innlegg (Atom)