I helga som var reiste vi på hyttetur inni Dalsfjorden. Anders fekk låne hytta gjennom arbeid, det var flott! Der er ikkje tv eller mobildekning. Det e egentlig heilt i orden:) Hytta ligg ilag med Litlebøvatnet og der er det eit kraftverk.
Hytta har ellers alt ein treng, dusj, varmekablar på badet:) Fint kjøkken og koseleg stove med vedovn! Fredag var det litt kaldt opp på fjellet, men vi tok en båttur på vatnet for å prøve å få fisk, fekk ikkje noke på oteren, men vi sette garn. Dagen etterpå fekk vi 9 krede!:)





på laurdagen gjekk vi ein fin fjelltur, grøthornet heiter det, eller grøttindane, vi vart litt usikker, men det var ein fin tur med flott usikt:)


