
I dag var eg, Anders og Arne Johan stad å flytta saudene som har vore i beite fram på Riise. Dei skulle fram i Kvamsedalen på ferietur.

Saudene har vore i Kvamsedalen før, så dei var glade når vi kom fra i Kvistaddalen etter ein litt trang tur på tilhengaren til traktoren.

Anders klar for tur i favoritt dalen sin...

Var mykje snøv over fjellet, Arne Johan meinte det var reine islandet.. Saudene lurte nok på om det var mat i sikte.

Her ser du nedover Kvamsedalen.

Anders var den som gjekk lengst av alle, han gjekk ned på Brunene for å ringe heim og sjå til Viddal! Flott utsikt! Etterpå var han ein tur på vatnet å fiska med seg krede heim, smakte godt!
Turen gjekk fint, håpe saudene får ein fin ferie på fjellet!